lørdag 30. august 2008

Offsettrykkeriet.


Dette er ganske sikkert første bedriftsblad, i Norge, som vart trykt i offset. Første nummeret, den kvite, kom ut i 1968. So var det namn kokuranse. Dei første bildeplatene vart laga i England, seinare i Bergen. Etter ein del "eksprementering" laga eg dei sjølv i ein ombygd bildeframkallar. Teksten vart skriven på ei kulehovud skrivemaskin. Bretting og stifting føregjekk for hand. Opplage var 500 stk.

Prøvebilde på "piratomformaren"




Dreiv privat TV-omformar i Svelgen i ca. 2 år. Det var forbudt , og kunne føre til fengsel straff. Men etter ein kontroll av televerket vart den godkjendt for det var so bra bilde på den. Den stod foresten som reserve i omformarhuset til Televerket i nesten 1 år.

tirsdag 26. august 2008

Montering stasjon 2


Første maskina i stasjon 2 vart sett i drift ut på året i 1958. Der er 2 maskiner som tilsaman produserer 25 000 kW. Stasjonen ligg 500 m. inn i fjellet.

tirsdag 19. august 2008

Dette var den Svelgen eg kom til, 2. februar 1949, som vegarbeidar.

Då eg byrja i arbeid på "verket" i januar 1950 var det med opplasting av skrapjarn som vart brukt i jarnproduksjonen. Seinare vart det lossing og lastig, forskalings arbeid, og krankjøyring.
I 1955 overtok Cristiania Spikerverk bedrifta å då vart det å arbeide der det var mangel på folk, og
då vart eg tilsett på elektrisk avdeling. Etter eit år skulegang kom eg i kraftstasonen,

mandag 18. august 2008

Det vart etterkvart masse aktivitetar i fritida.


Songlaget var ein av favorittane, var formann der i mange år. Hjelpekorpset, som eg var med å starta, vart og brukt mykje tid på. Ellers so var det privat TV omformar i eit par år. Første Ofsettrykeriet i Sogn og fjordane. Friidrett, mest kortare løp. Elementer Teknisk Fagskule (Kraftverksdrift som hovedfag)

søndag 17. august 2008

Etter nokre år vart det husbygging.

I utgangspunktet var tomta ei 800 kvardratmeter steinurd, prisen vart og der etter kr. 1,- som total sum. Stein var noko som eg var vant med so det gjekk greit. det vart hage av det.

So vart det kjæreste, giftarmål og born.


mandag 11. august 2008

Å livet går vidare.

Etter ca. eit år med vegarbeid på gamlemåten, alt gjort for hand, hakke, spade, spett og handboring (litt av eit slit) vart eg tilbydd arbeid på smelteverket. Det vart ca.25 år.

fredag 8. august 2008

Ut i "verden"

Etter konfirmasjon og tre år som gardsdreng på Jølster, bar det til Svelgen

Tida går og ein tek til "kikke" på jentene.

Her under kontroll av onkel Sigurd.

torsdag 7. august 2008

Frå tidleg ungdom, Ripe ca. 1938


Høgst på høylasset, eg, Sverre og Albert (liggande).
"Kusk"onkel Sigurd. På steinen står Dagfinn,
og heilt ut til høgre går bestefar.