fredag 12. september 2008

Utviklinga gjekk vidare


Luftforureinga auka enormt. For mitt vedkommande vart det helseproblem, bihuleproblem, høgt blotrykk og masse småproblem. Bedriftslegen meite at tolegrensa var nådd, so han anbefalte å søkje meg vekk frå Svelgen mens eg endå hadde litt helse att. I Ålfoten var Åskorutbygginga i gong å der var det bruk for folk av "min type" so det var berre å komme, so vi flytta dit hausten 1972.

onsdag 10. september 2008

Stasjon 2 ligg 500 m. inne i fjellet bak Svelgen.


Etter at Indrehus kraftverk var kome i drift, vart det litt omlegging av bemanninga og eg vart då tilsett som driftsasistent for stasjonsdrifta.

tirsdag 9. september 2008

Som "nyutdanna"

Her saman med den Sveitsiske "sjefmontøren for turbin" Indrehus Kraftverk. Oppstartinga av "Indrehus" og familie økinga skjedde i tur og orden.

mandag 8. september 2008

Familijeforøkelse.


I 1963 kom eit nytt familijemedlem til verden. Her er nærmast slekta samla til kaffikos og for å bivåne vidunderet. Ikkje vanskeleg å så kven som tek oppmerksomheita.

So bar det til Rjukan på skule..


Deltakarane på Rjukan Tekn. Fagskule avd. kraftverksdrift, vinteren 1960 - 61, på tur til Nore Kraftverk. Mannen heilt til venstre heiter Kåre Kittelsen. Han var sterkt inne i bildet i "kampen om tungtvatnet".

søndag 7. september 2008

Fem år fram i tid - 1960

Ei rivande utvikling var igong i Svelgen. Smelteovnar vart bygde, kraftstasjonar vart sette i drift. og nye hus "skaut opp" som paddehattar.

Sendingen II


Det var denne båten eg kom til Svelgen med 2. februar 1949. Den gjekk i fast rute Florø - Svelgen - Bremanger i mange år, heilt fram mot 1960 talet. Å Sendingen gjekk, nærsagt, uansett vær. Båt var einaste måten å komme til Svelgen på i den tida. Florø - Svelgen tok mellom 2,5 til 3 timar, alt etter som.

lørdag 6. september 2008

Eigarskifte på Smelteverket.


Frå 1949 og fram til1954 vart bygt nytt verksted og kontorbygg, ellers var det lite som skjedde. Hausten 1954 overtok Christiania Spigerverk i Svelgen. Då tok det til å skje saker å ting, kraftutbygging, utbygging av smelteverket og bustadbyggin. Bildet er hausten 1954.

fredag 5. september 2008

Masse med spor ....


Fana til songlaget var eit hastverksarbeid natta til 17. mai i 1970. Eg og ein arbeidskolega laga skisse 16. mai ettermiddag, og 5 "songdamer" 2 symaskiner jobba hart omkvelden etter songøvinga. Klokka 3 om natta var fana klar til ein prøvetur gjenom Svelgen sentrum. STIF fana var laga i 1964. Eg sto for utforming og tegning og Hulda Zachariassen tok seg av syinga. På bilde er det baksida som er vist, framsida var ikkje ferdig.

Endå fleire spor.


Då hotellet skulle byggjast, var det forslag til logo med tegningane. Den nytilsette "sjefen" syntes logoen var i stivaste laget og lurte på om eg kunne prøve å mjuke den litt opp. Den vare slik.

Fleire spor.


På nyåret 1962 fekk eg i oppdrag, av formann Reidun Holm, å tegne ny logo til laget. Det vart framlagt seks forslag, og dette vart valgt med stort fleirtal.

"Gamle spor"


Denne logoen (krafthesten) brukte Smelteverket i mange tiår. Etter ei samtale mellom "Zakken" og Schjeldrup fekk STIF lov til å bruke krafthesten i sin logo. Eg laga ei slik finerplate, på 1,5 x 1,5 m, måla grønn, og figur og bokstavar var utsaga og lagde utapå. Den hang i gymnastikksalen under innvielsen.