onsdag 10. september 2008

Stasjon 2 ligg 500 m. inne i fjellet bak Svelgen.


Etter at Indrehus kraftverk var kome i drift, vart det litt omlegging av bemanninga og eg vart då tilsett som driftsasistent for stasjonsdrifta.

tirsdag 9. september 2008

Som "nyutdanna"

Her saman med den Sveitsiske "sjefmontøren for turbin" Indrehus Kraftverk. Oppstartinga av "Indrehus" og familie økinga skjedde i tur og orden.

mandag 8. september 2008

Familijeforøkelse.


I 1963 kom eit nytt familijemedlem til verden. Her er nærmast slekta samla til kaffikos og for å bivåne vidunderet. Ikkje vanskeleg å så kven som tek oppmerksomheita.

So bar det til Rjukan på skule..


Deltakarane på Rjukan Tekn. Fagskule avd. kraftverksdrift, vinteren 1960 - 61, på tur til Nore Kraftverk. Mannen heilt til venstre heiter Kåre Kittelsen. Han var sterkt inne i bildet i "kampen om tungtvatnet".

søndag 7. september 2008

Fem år fram i tid - 1960

Ei rivande utvikling var igong i Svelgen. Smelteovnar vart bygde, kraftstasjonar vart sette i drift. og nye hus "skaut opp" som paddehattar.

Sendingen II


Det var denne båten eg kom til Svelgen med 2. februar 1949. Den gjekk i fast rute Florø - Svelgen - Bremanger i mange år, heilt fram mot 1960 talet. Å Sendingen gjekk, nærsagt, uansett vær. Båt var einaste måten å komme til Svelgen på i den tida. Florø - Svelgen tok mellom 2,5 til 3 timar, alt etter som.

lørdag 6. september 2008

Eigarskifte på Smelteverket.


Frå 1949 og fram til1954 vart bygt nytt verksted og kontorbygg, ellers var det lite som skjedde. Hausten 1954 overtok Christiania Spigerverk i Svelgen. Då tok det til å skje saker å ting, kraftutbygging, utbygging av smelteverket og bustadbyggin. Bildet er hausten 1954.