fredag 6. april 2012

fredag 6. februar 2009

Faneproduksjon....


Tida i Stakaldefossen vart utruleg
produktiv. I tillegg til alle "trekub-
bane" vart det laga ni faner. Eg
tegna og klipte og Sigrun sydde

tirsdag 3. februar 2009

Gamle "kunstar" vart tekne fram igjen.




Men sju år i Stakaldefossen var sovisst
ikkje heilt bortkasta. Gamle hobbyar
vart tekne fram igjen, og bjørkekubbar
frå nabolaget fekk gjenomgå ei viss om-
forming ved hjelp av gummiklubbe og
hoggjarn.

torsdag 8. januar 2009

Stakaldefossen Kraftverk


Å komme her var litt av ein
overgang. Frå godt ordna for-
hold til nesten berre rot. Det
var arbeidsforhold som låg
utanfor overeinskomstar og
arbeidsmiljølov. Med nesten
20 år som tillitsmann fekk eg
høyre at arbeidsmiljølova ikkje
kunne brukast for ho passa
ikkje. Men med hjelp av arbeids-
tilsyn og forbund so fekk vi den
til å passe tilslutt.

tirsdag 6. januar 2009

Meir Åskåra


Jobben i Åskåra varte knapt eit
år. Etter nokre telefon samtaler
og eit møte med bedriftstyret på
Sandane der det kom fordagen
at dei hadde tiltenkt meg ein
stilling eg ikkje følte meg "vok-
sen "nok for.
Å då Sigrun ikkje stortrivdes
i Ålfoten, vart det til at eg skulle
søkje på ein ledig jobb i Stakaldefossen .
Og slik vart det.
Sigrun fekk seg butikkjobb i Førde.

Åskåra kraftverk


Inngangspartiet til Årskåra kraftverk.
Stasjonen ligg ca. 1 km. inne i fjellet.

fredag 12. september 2008

Utviklinga gjekk vidare


Luftforureinga auka enormt. For mitt vedkommande vart det helseproblem, bihuleproblem, høgt blotrykk og masse småproblem. Bedriftslegen meite at tolegrensa var nådd, so han anbefalte å søkje meg vekk frå Svelgen mens eg endå hadde litt helse att. I Ålfoten var Åskorutbygginga i gong å der var det bruk for folk av "min type" so det var berre å komme, so vi flytta dit hausten 1972.