
Luftforureinga auka enormt. For mitt vedkommande vart det helseproblem, bihuleproblem, høgt blotrykk og masse småproblem. Bedriftslegen meite at tolegrensa var nådd, so han anbefalte å søkje meg vekk frå Svelgen mens eg endå hadde litt helse att. I Ålfoten var Åskorutbygginga i gong å der var det bruk for folk av "min type" so det var berre å komme, so vi flytta dit hausten 1972.